Digg StumbleUpon LinkedIn YouTube Flickr Facebook Twitter RSS Reset

Liv Janne sin tur- og fjellblogg

Liv Janne sin tur og fjellbloggLiv Janne sin tur- og fjellblogg handlar først og fremst om turopplevingar – små som store – og gleda over å kome seg ut i fri(sk)-luft. Formålet med bloggen er å inspirere andre til å kome seg ut på tur – og gje tips til nye turmål.

Vi ynskjer å ha fokus på gleda over å vere på tur, at det er viktigare å kome seg ut på tur heller enn at turmålet nødvendigvis er langt og ambisiøst! I tillegg håpar vi å gje inspirasjon til at folk oppsøkjer nye turmål: Mange går dei same turane om igjen og om igjen – gjerne fordi det er dei stiane dei kjenner til.

Mange er også redd for å gå på ukjende plassar åleine. Gjennom bloggen håpar vi at fleire skal oppdage alle dei «skjulte perlene» som finnast  i naturen rundt oss, og at vi gjennom å gje informasjon om turmålet og vegval/merking/startpunkt, faktisk kan få fleire til å variere turmåla sine og dermed få nye naturopplevingar!

Besøk bloggen her

Ingen kommentarer

Legg inn kommentar